
Det Norske Teatret i samarbeid med SiO
Fre. 20. februar
Det Norske Teatret
Åpent for alle
Om eventet
Powerdress eller paljettar? I Europavisjonar møtest politikk og Eurovision Song Contest. Dei lova ein Eurovision-finale på Hovudscenen kvar kveld – og for ein finale dei har laga! Simen Formo Hay, Johan Hveem Maurud og Oda Radoor har skapt ei vill, leiken og skarp musikktevling mellom Europas statsleiarar frå murens fall og fram til i dag. Tony Blair, Boris Jeltsin, NATO, EU, Recep Tayyip Erdoğan, Marine Le Pen og mange fleire gir deg sine visjonar pakka inn i raffe rytmar, funklande paljettar og deilige dansenummer. Glasnost, 90-åras marknadsliberalisme, finanskrise, flyktningkrise, krig og fred. Alt presentert i eit energisk show, gjennom musikknummer med song, dans, triks og overdådige kostyme! I Europavisjonar er nemleg blodig alvor blanda med vindmaskiner, scenerøyk og paljettar. 📍 Det Norske Teatret 💰 50% rabatt på billettar for alle studentar under 35 år ⏰ Varigheit: ca. 3 timar, inkludert pause PS. Vil du ha superbillige teaterbillettar? Bli medlem av Yngda! Yngda er for deg som er mellom 15-25 år og interessert i teater. Som medlem i Yngda får du Teaterbillettar til 150 kr og informasjon om det som skjer på og bak scenen. Det er heilt gratis å vere med i Yngda. 👇 Les meir og kjøp billettar her!