
Det Norske Teatret i samarbeid med SiO
Ons. 26. november
Det Norske Teatret
Åpent for alle
Om eventet
- Den ferskaste sceneteksten frå nobelprisvinnar Jon Fosse. Skodespelet er nokså annleis enn mange av dei andre stykka Jon Fosse har skrive, og bryt med både forventningar og klisjear. Vi møter eit vaksent og eit yngre par som står på kaien og ventar på ein båt. Når båten kjem veit dei ikkje, dei veit berre at han kjem, og at dei har billettar. Dei ventar. Men dei har ikkje venta lenge før ein liten trupp med skodespelarar uventa dukkar opp. Skodespelarane tilbyr dei ventande eit teaterstykke for å korte ventetida. Og dei ventande takkar ja. For ingen kan dra med denne båten utan først å sjå skodespelarane syne fram Skodespelet. 📍 Det Norske Teatret 💰 50% rabatt på billettar for alle studentar under 35 år ⏰ Varigheit: ca. 1 time (ikkje pause) PS. Vil du ha superbillige teaterbillettar? Bli medlem av Yngda! Yngda er for deg som er mellom 15-25 år og interessert i teater. Som medlem i Yngda får du Teaterbillettar til 150 kr og informasjon om det som skjer på og bak scenen. Det er heilt gratis å vere med i Yngda. 👇 Les meir og kjøp billettar her!