
Makt – Humaniorafestivalen 2026
Søn. 15. mars
Det Norske Teatret, Bikuben
Åpent for alle
Om eventet
Korleis skildrar Olav Duun dei irrasjonelle kreftene som styrer oss? Velkommen til «Innsikt» på Det Norske Teatret med professor Ronny Spaans. Tid og stad: 15. mars 2026 15:15 – 15:35, Det Norske Teatret, Bikuben Olav Duun er ein av dei mest gripande forfattarane i norsk litteratur. I «Medmenneske», eit høgdepunkt i forfattarskapen, utforskar han makt og lagnad mellom menneske. Det handlar om den vonde Didrik Dale, den underkua sonen Håkon og svigerdottera Ragnhild. Romanen fører oss inn i menneskesinnet, i dei irrasjonelle maktene som styrer oss. I innsikt blir du betre kjend med karakterane i «Medmenneske» og det litterære språket til Duun, dei råkande replikkane fulle av verbal kraft og underdriving. Det er ein forteljarkunst som går tilbake til islendingesogene. Duun skreiv norske soger i same stil. Ragnhild sitt sitat «Det vonde drep du ikkje med øks» fortel både om språkleg kreativitet og om miskunn, som er så typisk for Duun. Men kva meiner Ragnhild eigentleg når ho seier dette? Arrangementet er eit samarbeid mellom Det Norske Teatret og «Makt – Humaniorafestivalen 2026». Praktisk informasjon Arrangementet er gratis og ope for alle. Skal du sjå framsyninga, må du ha billett. Les meir om framsyninga «Medmenneske» på nettsidene til Det Norske Teatret.