Teknisk museum i samarbeid med SiO
Price: 0 kr
Thu, april 27
Teknisk Museum
Open for all
About the event
Velkommen til et gratis foredrag med Kulturhistoriker Geir Paulsrud om Den bergenske kongeveg! ⏰ 27. april kl. 17:00-18:00. Museet er kveldsåpent denne dagen til 23:00. 📍 Teknisk museum, Kjelsåsveien 143, Oslo. 🙋🏼♂️ Åpent for alle. 📝 Les mer ved å trykke på knappen under. 💰 Gratis foredrag. (Studentbillett for museumsinngang er 110 kr) ❓ Mer info: Kvifor over Grorud og ikkje over Maridalen? Kulturhistorikar Geir Paulsrud, Norsk vegmuseum Den bergenske postveg vart oppretta i 1647 og gjekk då ut i frå Kristiania over Grorud til Nittedal og Lunner og Granavollen og vidare opp langs Randsfjorden. Vegen gjekk gjennom Harestua og Grua som heilt frå eldgamle tider hadde drive jernutvinning. Med jernverk på 1500-talet vart det ein oppsving også for vegen. Likevel er det mykje som tyder på at det ikkje var særleg køyrande før rundt 1800. Noko som er seint i høve til Trondheimske kongeveg som var køyrbar hundre år før. Som ein veit er det mange vegar over Maridalen og i Nordmarka. Kvifor gjekk ikkje postvegen der (eller over Lysaker der den seinare Drammensvegen gjekk)? Peder Anker fekk bygd Ankervegen i 1790-åra til Hammeren i Maridal og svigersonen Wedel Jarlsberg bygde vegen vidare i 1821 til Hakadal. Dette var ei kortare rute enn vegen over Grorud. Det var mange val ein kunne ta og dette har kulturhistorikarar grunna over i fleire generasjonar. Fyst med ein brukbar køyreveg rundt 1800 fortenar han namnet Kongeveg. Dette statusen har han ikkje lenge, allereie i 1828 er postvegen flytta til den nye vegen over Krokskogen og Steinsletta på Ringerike. Den møter gamle kongevegen på Granavollen på Hadeland. Men no er det på siste verset som postveg til Bergen. Frå 1843 byrja posten å gå over Hallingdalen og Hemsedal likeså vel som over Valdres og Filefjell.